Gulen Sjukeheim
Org. 975 291 030
Sykehjem og eldreomsorg
Logo mangler
Totalvurdering 2,2
2,0
Arbeidsmiljø
2,0
Lønn og betingelser
2,0
Lederskap
2,0
Karrieremuligheter
3,0
Work-life balance
Har du søkt jobb her?
0 %
av vurderingene er besvart
1 vurdering
Arbeidsmiljø
Lønn og betingelser
Lederskap
Karrieremuligheter
Work-life balance
Gulen Sjukeheim
19. mars 2026
Arbeidsplassen held til i eit idyllisk, gammalt bygg i hjartet av Eivindvik, noko som gir ein fin atmosfære og gode omgjevnader. Samstundes opplevde eg at vilkåra for fast tilsetjing er avgrensa, og det er stor avhengigheit av vikarar, særleg i sommarperioden. Arbeidsbelastninga var til tider svært høg. Eg arbeidde ofte vakter på opptil 12 timar, der eg hadde ansvar for mellom tre og fem pasientar åleine. I løpet av sommaren opplevde eg også å vere den einaste “faste” vikaren på jobb, noko som førte til eit betydeleg utvida ansvar. Ved enkelte vakter hadde eg ansvar for om lag 13 pasientar, i tillegg til å rettleie uerfarne vikarar. Fleire av vikarane mangla nødvendig opplæring, mellom anna i utdeling av medisin og bruk av heis/forflyttingsutstyr. Dette skapte utfordringar både for pasienttryggleik og arbeidsflyt, og bidrog til eit høgt stressnivå. Samla sett var dette ein krevjande arbeidsplass med stort ansvar og høg arbeidsbelastning, særleg i periodar med mange vikarar og låg bemanning

